Foreldre og føresatte har og ansvar for elevane sin opplæring


Download 444 b.
Sana12.04.2017
Hajmi444 b.



Foreldre og føresatte

  • har og ansvar for elevane sin opplæring

  • skal bidra til samarbeid med skulen

  • skal bidra til gjensidig kommunikasjon om eleven sin trivsel, fagleg og sosial utvikling

  • Skulen skal leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre foreldre og føresette sitt medansvar i skulen. Heimen skal få informasjon om mål for opplæring i faga, arbeidsmåter, vurdering av fagleg utvikling.



Føresette sin rett til innsyn

  • Skulekvardagen er ikkje lenger slik at foreldre og føresette kan kontrollere barnet sitt arbeid på skulen gjennom å ta ein titt i eleven sin stilbok eller rekne med at ”ranselpost” er tilstrekkeleg kommunikasjon mellom skule og heim. Digitale læringsmiljø opnar opp for mogelegheiter for andre former for skulearbeid, innlevering og vurdering. Samstundes er det trong for å ivareta føresette sine rettigheiter til å følgje opp skulearbeidet. Dette fører til både juridiske, pedagogiske og tekniske problemstillingar.

  • Mogelegheitene for praktisk og fleksibelt pedagogisk arbeid i LMS er stor. Samstundes kan funksjonaliteten i LMS og skape følelse av overvåkning og unødig kontroll frå både lærarar og føresette for barna. På eine sida skal LMS gje lærarane betre mogelegheit for individuell oppfølging og gje foreldra nødvendig innsyn i barna sin aktivitet på skulen. Barna skal føle seg trygge på at ikkje LMS aukar kontroll og reduserer personvernet deira i så stor grad at det hemmar læring og reduserer tillitsforholdet til skulen.



Innsynsrett i praksis i dag

  • Foreldre/føresette sin deltaking = betre mogelegheiter for læring

  • Innsyn i og forståing av skulekvardagen gir dei føresette tryggleik i høve skulekvardagen

  • God kommunikasjon mellom skule og heim må difor vidareførast og i ein digital kvardag

  • Innsyn er underlagt regulering, delvis eksplisitt i lovgivinga. I praksis heimla i føresette sitt ansvar etter barnelova.

  • Ikkje lovfesta kva føresette skal ha innsyn i og kva som skal haldast mellom lærar og elev. Stor praksisvariasjon mellom lærarane korleis dette vert tolka og utøvd.



Nokre peikepinn

  • 7 år: Barn skal få seie sin meining før avgjerder om personlege forhold, jmf.barneloven § 31 anna ledd.

  • 12 år: Det skal leggjast stor vekt på barnet sin meining, jmf. barneloven § 31 anna ledd. Barn mellom 12 og 16 år har rett til å be om at informasjon om helseforhold til foreldre vert avgrensa, når dei har grunner som "bør respekterast", jmf. pasientrettighetsloven §3-4 anna ledd

  • 15 år: Barn kan ta avgjerder i spørsmål om utdanning og melde seg inn og ut av foreiningar, jmf. barneloven § 32. Barn kan inngå arbeidsavtalar, men desse kan hevast av foreldra, jf. verjemålsloven § 32 og arbeidsmiljøloven § 11-1. Barn kan disponere over eigne midlar, jf. verjemålsloven § 33. Barn under 16 år har rett til informasjon vedrørande helseforhold saman med foreldra, jf. pasientrettighetsloven § 3-4 første ledd.

  • 16 år: Barn kan gje samtykke til helsehjelp, jf. pasientrettighetsloven § 4-3. Barn mottar informasjon om helseforhold åleine, med mindre informasjonen er naudsynt for å kunne oppfylle foreldreansvaret, jf. pasientrettighetsloven § 3-4.



Føresette og innsynsrett

  • Personlege avgjerder inneberer og ein kontroll over informasjon om seg sjølve, så mogeleg følgje kan vere å styre foreldreinnsynet noko for elevar over sju år. Ein mogelegheit er å la barnet sjølv ta ulike avgjersler rundt grad av innsyn – kan ha ein oppdragande effekt i høve bevisstheit rundt personleg informasjon og ansvarsfølelse. Ved 12 år skal ein leggje stor vekt på eleven sin meining – ytterlegare avgrensing av innsynsretten til dei føresette (om funksjonelt fornuftig).

  • I samband med LMS er anbefaling å ha eigen foreldrepålogging – då får dei tilgjenge til visningsportefølje og ikkje anna informasjon i LMS (personleg arkiv, chat, ”ikkje-publisert” arbeid osb.) I tråd med foreldrerett å ha delvis innsyn i presentasjons-mappe, men ikkje i arbeidsmappe. Skulane må sørgje for å implementere dette i eige regelverk.



E-post osb

  • Datatilsynet : ”Skulen er elevane sin arbeidsplass. Om skulen gir elevane tilgjenge på e-post over skulen sitt system, må skulen forholda seg til dei same regler for innsyn som gjeld med omsyn til dei tilsette.”

  • Reglar for e-post gjeld ”alle typar elektronisk kommunikasjon og filer i et datasystem”.

  • Om lærarar tek i bruk webtenester som ikkje kan kontrollerast av skulen (t.d. Facebook, MSN, Twitter osb) må foreldreinnsynet oppfyllast på andre måtar. Hovudregelen er at elektronisk kommunikasjon er privat og personleg, det at kommunikasjonen skjer i eit LMS endrar ikkje dette så lenge kommunikasjonen er mellom to personar.



Feide

  • Feide = Felles Elektronisk Identitetshandtering

  • Kunnskapsdepartementet sin løysing for sikker pålogging

  • Strengare krav til vern av brukaridentitet

  • Dagens løysing har ikkje funksjonalitet som ivareteke relasjon foreldre – barn, men Uninett arbeider med integrasjon med MinID. Ingen løysing å gje foreldre Feideident gjennom skulen – mange praktiske og driftsmessige problem



Snorre Løvås, Uninett 27.04.09

  • Veldig gledelig at flere i utdanningssektoren begynner å se nytteverdien i integrasjoner mellom fagsystemer - både når det kommer til identitetshåndtering og andre informasjonselementer som karakterer, fravær, timeføring og lignende.

  • Når det gjelder den siste biten med innsyn for foresatte og bruk av elevers identitet så er det noe vi jobber videre med i UNINETT ABC/Feide. I et helhetlig system blir slik bruk uheldig. En ting vi ser på er om det er mulig å benytte MinID for selve innloggingen for foresatte i denne typen systemer i og med de fleste foresatte har MinID. Mer informasjon vil nok komme etterhvert på websidene og bloggen vår når/om vi får det til.

  • For selve problemstillingen rundt elevers personvern og foresattes rett til innsyn vil vi ha innlegg om dette både på årets NKUL og eKommune.




Do'stlaringiz bilan baham:


Ma'lumotlar bazasi mualliflik huquqi bilan himoyalangan ©fayllar.org 2017
ma'muriyatiga murojaat qiling